KAJAKK I SOLUND

Kurs i havpadling

Copyright 2012 © All Rights Reserved

 

GRUNNKURS

INTRODUKSJONSKURS*

Mai

 

 

Juni

 

 

Juli

21. - 22. på Lammetun

 

August

 

September - oktober

01. - 02.

 

 

Grunnkurs i havpadling er kurs nr. 2 i Norges Padleforbund sin kursstige og er på 16 timar over to dagar. Grunnkurset byggjer på introduksjonskurset, men passar også for dei heilt utan erfaring. Etter gjennomført grunnkurs har du eit godt grunnlag for å padle sikkert under elles trygge forhold.

 

Du lærer litt om ulike typar havkajakk, klede og utstyr, løfte-, bere-, sjøsestje, entre og gå ut av kajakken. Effektiv framover - og bakover padling, stopp, sidevegs forflytting, lågt støttetak, styretak bak, sveipetak, ilandstiging, skadeforebygging og ikkje minst redningsteknikkar.

 

Introduksjonskurset gir deg ein smakebit på det du lærer i grunnkurset og du får gjennomføre redning og øve på det. Grunnkurset gir våttkort.

 

DATOAR FOR KURS - 2018

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

* Eg kan også ta introduksjonskurs på bestilling, minimun 3 deltakarar. TA KONTAKT!

 

Du bør ha med:

- Varme klede, gjerne ull inst. Hue/hovudplagg. Fullt skift. Drakt naudsynt då vi blir ein del uti vatnet. Kan leigast.

- Drikke, ein termos med varm drikke og ei flaske med vatn.

- Godt med mat og sjokolade, nøtter eller liknande.

- Handduk

- Eventuelt sitjeunderlag til bruk i pausar.

- Godt humør, du skal lære noko nytt:)

 

Bruk epost eller mobiltlf ved påmelding. Maks 6 deltakarar pr. kurs. Atterhald om nok påmelde.

Deltakarane vil få utdelt NPF sitt våttkort etter gjennomført kurs.

 

Nils Bjørgo Org. 991 654 631 mva

Sandvik tlf 91861047/57787332 nils.bjorgo@gmail.com

 

 

www.solundnatur.no